Artikkel nr 7 fra blad nr 6-2008
Emne: Bibelforum
Israels rolle i endetida

Hele skriften
er inspirert av Gud!
2 Tim 3,16.

Av Jon Olav Østhus

I. Innleiing 

Kva meiner me med Israel? I denne samanheng vil eg bruka det om to ting - det vesle landet i Midt-Austen og det jødiske folk som sådan. (Eg er merksam på at Bibelen også talar om Israel som ein åndeleg størrelse i Den nye pakt - det let eg liggja i denne samanheng.) Våre åndelege røter ligg i Israel, det var der alt begynte og denne staden vil og stå svært sentralt når Gud skal avslutta den tidsalderen me kjenner. 

Er merksam på at her er grøfter på begge sider. Ingen blir frelst fordi han er ven av Israel og jødane, det er heller inga spesialordning for jødane når det gjeld frelsa, alle må gå via Jesus. Men jødefolket og Israel har ei spesiell stilling hjå Gud. I 5 Mos 32,10 seier Moses i sin avskilssong: ”Han verna han, vakte over han, og vakta han som sin augnestein.” Les også Sak 2,12. 

II. Endetida 

Bibelen talar om tre ulike område me skal ha fokus på når det gjeld endetida: 

a) Det som skjer i den kristne menighet 
b) Det som skjer i verda 
c) Det som skjer i Israel 
Det er det siste me kort skal ta for oss no. Sentrale bibelstader er Mat 24, Mark 13, Luk 21, Op og mange av profetane (f.eks. Esekiel 36 - 39, Sakarja, Daniel etc) og andre stader i Bibelen. Eg vil understreka at mange av dei bibelske profetiane kan tolkast i ulike retninger - det er ikkje nødvendigvis berre ei tolking som er den rette. Ellers vil eg erkjenna at eg på ingen måte er nokon ekspert her, men har prøvd å lesa litt i fleire samanhenger. 

Øivind Andersen seier i ei av sine bøker: “Den betydning som Israel skal ha i Nytestamentlig tid, vil langt overgå den betydning det hadde i Gammeltestamentlig tid.“ Legg merke til det siste spørsmålet læresveinane stilte Jesus i Apg 1,3-8. Jesu svar indikerer at han ikkje vil at det skal brukast for mykje tid på slike spørsmål, men at hovedfokus skal vera misjon. ”Det er ikkje dykkar sak å vita tider eller timar som Faderen har fastsett i si eiga makt. Men de skal få kraft . . . ” 

Dersom nokon forventar at eg nå kjem med masse spekulasjonar om tider, stader, krigar og naturkatastrofer vil de verta skuffa. 

1) Minna oss om Guds eksistens 

Dette har vore jødane si viktigaste rolle frå dag 1 og det vert minst like viktig i endetida. I gamle dagar var folk opptekne av Guds eksistens - til og med kongane. Fredrik 5 av Preussen, som var fritenkjar, spurte for meir enn 200 år sidan livlegen sin, som var ein gjenfødt kristen og som kongen hadde stor respekt for, om han kunne gi han eit bevis på Guds eksistens. Svaret var: “Jødene, Deres majestet.” Dette vart sagt lenge før det var konkrete planar om å oppretta staten Israel. Var det sant då, er det i alle fall sant i dag. Det var basert på ein observasjon om at jødane som folk hadde overlevd alt dei vart utsett for. Tarje Noraberg seier: ”Den som ikkje ser Gud i Israels historie må be om klarsyn.” Antisemittismens historie er lang og blodig. Det at jødane som folk har overlevd all denne forfylgjinga er ei samanhengande rekke av under. At landet vart oppretta (bl.a takka vera Norge, medan UK stemte blankt i FN i 1947) og at dei har overlevd alle åtak, omgitt som dei er av fiendtlege naboar som frå dag 1 har prøvd å kasta dei på sjøen. Tenk på gjenfødinga av det hebraiske språket - det hadde vore så godt som dødt i 1700 år då Elieser Ben-Jehuda starta sitt storverk. Han gav ut eit verk av ordbøker på 16 store bind. Dette er eineståande i verdshistoria. T. Herzl sa i 1897: “Idag har vi gjenskapt den jødiske staten. Om fem år og i alle fall om femti år vil alle forstå det.” 

Hvis me ser på profetiane om jødane og korleis Gud har stått ved sine løfter, er dette noko me burde nemna ofte i forkynninga. Det kan bidra til å føra folk til Jesus! Fordi det viser oss at Gud er trufast. Hans løfter held. Det går knapt ein dag utan at Israel er sentralt i nyhetsbildet. Landet har nest flest journalister i verda. FN brukar meir tid på Israel enn noko anna land. Faktum er at ca 1/3 av alle resolusjonar i FNs Sikkerhetsråd går på fordøming av Israel. Sjølv folk som ikkje har noko forhold til Bibelen må sjå at det er noko spesielt med dette folket. Det er sant at den som ikkje ser Guds finger her må be om klarsyn. 

Ei hovedårsak til antisemittismen og jødeforfylginga i den fyrste tida var at jødane dyrka ein Gud og at denne Gud var usynleg. Dette ville ikkje heidningane godta. Dei hadde ulike gudar til ulike tider og formål og dei var synlege ved figurar eller bilete. Her, og på andre område, skilde jødane seg ut - dei budde for seg sjølv, skilde seg ut 

(Ester 3,8). ”Her er eit folk som bur spreidd for seg sjølv mellom alle andre folk i landområda i riket ditt.” Eg vil også minna om at det ikkje var tilfeldig at dei 70 jødane som kom frå Israel etter eige valg havna i Gosen i Egypt under hungersnauda i Israel Dei var gjetarar, og i Gosen var det godt beite for buskapen deira. Egyptarane hata gjetarar, og såleis hindra Gud at jødane vart assimilerte inn i det egyptiske folket. Dei budde for seg sjølv, slik dei i større eller mindre grad alltid sidan har gjort.. 

Israel er ikkje Guds utvalgte folk for si eiga skuld, men for Guds skuld. Han vil at dei skal vera ein kanal, eit reidskap for kanalisering av Guds velsigning til alle menneske 

(1 Mos 12,3b). Det er hovedformålet Gud hadde med utvelgjinga av jødane. Vil og minna om Rom 3,1-2. ”Har då jøden noko som andre ikkje har? Eller kva gagn er det i omskjæringa? Mykje, på alle måtar! Fyrst og fremst er det at dei har fått Guds ord å ta vare på”. Dei vart tiltrudd Guds Ord! Dei tok vare på det for oss. Bibelen er tvers igjennom ei jødisk bok. Den Gud me dyrkar er den same som jødane har, berre det at jødane førebels ikkje anerkjenner Jesus som Messias. Det gjer heller ikkje store deler av den såkalla kristne verda. 

Jødane er eit demonstrasjonsfolk for Gud. Øivind Andersen skriv ofte i bøkene sine om dette. Han snakkar om “anskuelsesundervisning”. Ved å studera jødefolkets historie kan me læra Gud å kjenna. Dette gjeld også det som skal henda i framtida. Og på denne måten vert denne usynelege Gud synleg, ved at han oppfyller det profetiske ordet. 

2) Jødane som folk skal ta imot Jesus før han kjem 

Mat 23,37-39: ”Jerusalem, Jerusalem, du som slår i hel profetane og steinar dei som vart sende til deg! Kor ofte har eg ikkje vilja samla borna dine, likesom ei høne samlar kyllingane sine under vengene! Men de ville ikkje. Audt og forlate kjem huset dykkar til å verta! For eg seier dykk: De får aldri sjå meg meir før de ropar: ”Velsigna vera han som kjem i Herrens namn!” 

Vers 38 talar om diasporaen frå år 70 - 1948. Dette kan tolkast som ei straff fordi dei fornekta Jesus som Messias. I Rom. 11,8 les me:”som det står skrive: Gud har gjeve dei ei sløvskapsånd, augo som ikkje ser, øyro som ikkje høyrer, heilt til denne dag.” Kvifor? For at me heidningar skulle få del i evangeliet. Me vart poda inn på jødane sitt tre, det vart ikkje laga noko nytt tre. Og ein dag skal jødane som folk podast tilbake på dette sitt tre. Det er maktpåliggjande at me steller oss slik at me framleis vert veranda på dette treet. Eg fryktar for at ein heil del av dagens kristenhet er i ferd med å laga seg sitt eige tre grunnlagt på noko anna enn det Bibelen seier. 

Vers 39 er utelukkande ei messiansk helsing henta frå Salme 118. “Baruch Ha Ba B’Shem Adonai.” Eg trur ikkje Jesus kjem att før dette skjer. Me får inga gjentaking av Johs. 1,11: ”Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han.” Det skal ikkje vera nokon tvil om kven Jesus er når han kjem attende for andre gong - Sak 12.10 ff ; Op 1,7. 

Han kjem som ein militær herskar og konge og det blir ingen nåde for den som ikkje har sagt ja til Jesus. Dette skjer før alle nasjonane skal gå imot Israel og Jerusalem ifylgje Sak14,1ff. Bibelen gir einskilde signal om at jødane vil ta imot Jesus som fylgje av trengsler - m.a Sak 12. Me ser heilt klart tendensar til dette. Nettet stramer seg til meir og meir. Ein kan ana konturane av eit Israel som blir pressa til å inngå ein form for ”fredsavtale” som ikkje vil halda over tid og at Jesu gjenkomst kjem i kjølvatnet av dette. 

Esek 36,24-28. I dag er det kun ein liten minoritet i Israel som trur at Jesus er Messias og dei er faktisk gjenstand for diskriminering og til dels forfylgjing. Som messiansk jøde (begrepet ”kristen jøde” bør ikkje brukast) blir du i enkelte miljø sett på som landsforræder. Ei viktig årsak til dette er alt det vonde som har blitt gjort mot jødane i kristendommens namn opp igjennom tidene. 

Men dette faktum er og ein mektig inspirasjon til at me må engasjera oss i Israels profetiske gjenoppretting og i misjonen. Dette er dei to sentrale visarane på Guds klokke for endetida. Og det er her Satan set inn støtet for å prøva å forpurra Guds plan. Heldigvis vil han ikkje lukkast i dette, men dersom me er ulydige kan kostnaden bli urimeleg høg. 

Mykje tyder på at jødane si frelse skal skje brått, les for eksempel Jes 66,7-9 og Esek 37. Israel vil bli verdas fyrste “kristne” nasjon. Det er ein føresetnad for at jødane skal verta frelste som folk at dei er samla i Israel - Esek 20,42-43 og 28,25. 

Når skal dette skje? Rom 11,25-26 “….. til fullnaden av heidningane er komen inn. Og såleis skal heile Israel verta frelst...” Difor er det rett å ha hovedfokus på heidningemisjon, men som Jesus seier i Matt 23,23: “Dette skulle gjerast og det andre ikkje latast ugjort.” Det er lov å ha to tankar i hovudet på ein gong. 

3) Dette medfører at Israel vil bli gjenfødt både fysisk og åndeleg 

Det fysiske har me sett allerede. Du for eit privilegium å få leva i ei tid når alt dette skjer. Teologane har i grunnen aldri tatt eit skikkelig oppgjer med dette at dei tok så feil her. På mange måtar kan me kanskje seia at det faktum at Israel i dag eksisterer er eit like stort problem for ein del teologar som for politikarane. I våre dagar bur meir enn 5,5 millionar av verdas totalt ca 15 mill jødar i Israel. Totalt er det sikkert langt fleire – tenk på dei 10 tapte stammene. Desse skal Gud finna att, les Op 7, 5-8 og Sak 10,6 ”- - han skal frelsa Josefs hus og føra dei heim.” 

Det kanskje klåraste løfte om gjenfødinga av staten Israel og det komande messianske riket finn me i Apg 15,14-18, (ref også Amos 9,11ff.). Det er heilt ubegripeleg at ein del teologer klarer å vri dette skriftordet bort frå Israel og over på menigheten. 

Den kristne menighet består i dag stort sett av heidningar - Israel vart forherda. Men ifylgje for eksempel Rom 11 og Apg 28,17ff var dette ein plan Gud hadde for å få evangeliet ut mellom heidningane. Seinare skal Israel bli innpoda att i sitt opprinnelege tre, dei skal ta imot sin eigen Messias og dette vil føra til ny vekking mellom heidningane ved hjelp av misjonærer frå Israel! Då blir kristne heidningar og messianske jødar nære allierte åndeleg sett. Når all den åndelege aktivitet som blir utøvd av dei ortodokse jødane (og det er ikkje lite) vert kanalisert mot Jesus som Herre og Frelsar vert det litt av ei misjonstid. Det blir ein tett allianse mellom gjenfødte evangeliske kristne og messianske jødar. Guds folk! Kanskje får me først sjå dette i Tusenårsriket? 

Israels omvending vil skapa ein heilt ny stilling for land og folk fordi Gud vil gi dei alle velsignelsane han har lova dersom dei bøyer seg for han - ref. for eksempel 5 M 28. 

Det er på denne tida at representantar for alle ætter på jorda skal feira lauvhyttefesten i Jerusalem ifylgje Sak 14,16ff. Nektar dei skal det ikkje falla regn hjå dei. 

På den tid skal mange fleire forstå at det er noko spesielt med jødane, dei er utvald av Gud på ein særleg måte - ref. Sak 8,22-23. Det skal skapast ein trong hjå mange etter å vera nær Gud og for å vera nær han vil dei halda seg nær jødane. Då kjenner dei seg tryggare. No vert det ikkje lenger ropa på boikott av Israel, men det vil verta populært å ha Israel og jødane som ein nær alliansepartner, les også om Isak i 1 Mos 26,28: ”Dei svara: Vi har sett det klårt at Herren er med deg. Difor seier vi: Lat det vera ein eidfesta avtale mellom oss, mellom oss og deg. Lat oss få gjera ei pakt med deg.”

Me finn eit tilsvarande døme i Josva 2,9-11 der skøkja Rahab kjem med sitt sterke vitnemål om Israelsfolket. “De skal kjenna at eg er Herren” – Esek 36,38 etc. “Folka skal kjenne at eg er Herren” – Esek 37,28 etc. Denne stadfestinga går igjen mange stader når det gjeld Guds løfter til Israel. 

Les også Jes 61,4-6 – det blir det åndelege livet og tenesta som står i fokus hjå jødane medan det meir praktiske arbeidet skal utførast av heidningefolka. 

Guds pakter med det jødiske folk gjeld framleis - Sal 105, 6-11. Me skal hugsa på at pakta med Abraham var ei nådepakt, der det einaste kravet var omskjæringa, i motsetning til pakta med Moses der lova var kjenneteiknet. 

4) ”Alle” jødar skal heim 

Esek 36,24; 39,27-29, Jes 11,11-12; 60,2-17. Eg er usikker på kor bokstaveleg me skal ta dette med at alle jødar skal heim. Men i alle fall har me dekning for å seia at eit representativt utvalg eller ein kritisk masse av jødar skal heim. Gud brukar ulike virkemidler her. Jer 16,14-16 snakker om fiskarar og jegerar. Dette er reidskaper i Guds hand. Her er det viktig at me engasjerer oss - for meg er dette eit kall. Og ordet i Amos 9,14-15 seier heilt klart at det ikkje kjem noko nytt eksil. (Sjølv om det i 2007 faktisk reiste fleire jødar frå Israel enn til Israel - 700,000 israelske statsborgere bur nå i utlandet. Som nevnt bur det nå ca 5,5 mill jødar i Israel.) Mykje tyder på at det ein gong i framtida skal koma mange jødiske flyktningar rundt om i verda på veg til Israel. Norge med si grense mot Russland kan verta sentral i dette arbeidet. Det er viktig at me er førebudd på dette. 

5) Det skal koma to store slag i Israel 

Det første er Harmageddonslaget i Jisreel-dalen på Megiddo. Det ligg i fjellområda i Gallilea, og det står om dette mellom anna i Sak 12,11 og Op 16,16. Det andre er Gog/Magog-slaget. I sistnevnte slag skal det bli ei kjempegravferd av alle dei falne angriparane - denne skal vara i 7 månadar. Men det er berre beina som blir begravde, for før det skal Gud kalla masse fuglar (p.t om lag 450 ulike fugleslag i Israel) og dyr inn til festmåltid - ref. Esek 39,4 og 17 og Op 19,17-18. 

Mykje tyder på at europeerane vil vera sentrale i desse slaga. Jafets stamme er den som er mest framtredande i Europa. Me ser konturane av dette allerede. Europa er det mest gudlause kontinent i verda! Og ifylgje forskning for eit par år tilbake er Norge eit av dei mest gudlause landa i Europa. Det siste året har denne trenden aksellerert kraftig i vårt land. 

Heidningane sin skjebne i denne samanheng er todelt. Det eine er det reint individuelle - i dei fleste ugudelege nasjonane er det nokon som held igjen (7,000 som ikkje har bøygd kne for Baal som profeten Elias snakka om). Men her kjem også ein dom over dei ulike nasjonar eller folkeslag, les Mat 25,31-46. Så langt eg kan forstå, er det folkeslaga som skal skiljast her, ikkje dei enkelte individ. Uttrykket ”desse minste brørne mine” kan sikkert brukast i ulike samanhengar – men i fyrste rekkje trur eg Jesus tenkte på sine landsmenn – jødane. 

Me ser det same i Jes 60,12, Sak 1,14-15 og Joel 3,7. Elskar du Norges land må du oppfordra til at me støtter jødane/Israel. Og ikkje minst be om at våre leiarar, både dei åndelege og dei verdslege, må få augo opp for dei store guddommelege sider av denne saka. 1 Mos 12,3 og alle dei seinere bibelske gjentakelsar av dette faktum står fast. 

(For å unngå mistydingar vil eg gjerne understreka at Jesus døydde også for muslimane. Den som ikkje har eit hjarta for arabarane har heller ikkje Jesu hjarta. Mykje tyder på at det er fyrst når evangeliets lys får skina klårt også mellom arabarane at det vert verkeleg fred i dette området.) 

6) Fikentreet 

Eit av Israels nasjonalsymbol er fikentreet. (Kanskje oliventreet står endå sterkare). Når det står om fikentreet i Bibelen er det svært ofte Israel det er tale om. 

Mat 24,32ff. ”Lær ei likning av fikentreet: Når sevja går i greinene og lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær. . . Sanneleg seier eg dykk: Denne ætta skal slett ikkje forgå før alt dette hender.” Ætt = jødane. Hitler og alle dei som i dag ynskjer å utrydda jødane har anten ikkje lese Bibelen eller dei trur ikkje på han. Den jødiske rase skal ikkje forgå! 

a) Sjå på knoppane. 
b) Då Jesus forbanna fikentreet. Mat 21,19; Mark 11. Det var ei profetisk handling som eit teikn på den straff som venta det jødiske folket. Men i prinsippet var det ikkje noko galt med treet. Dessutan skjedde dette om våren - på denne tida ber ikkje fiketreet skikkeleg frukt, kun ei falsk frukt som dett av. Men det ber skikkeleg frukt til pinse eller Shaveout, og endå betre frukt til Succot (Lauvhyttefesten). 

7) Jerusalems rolle 

Jerusalem er sentrum i verda og skal fortsatt vera det og ikkje mista sin status, men kanskje deler av byen vil gå tapt i ein viss periode, les Sak 14. Det er trist med den pågåande diskusjonen om deling av Jerusalem. 

Jerusalem er sentrum i verda, les Esek 5,5 (”la land rundt”) og 38,12 (”som bur der jorda har navlen sin”) - verdas navle. Israel er hjarta i verda og Jerusalem er hjarta i Israel. 

Jerusalem kalla verdas navle - har du tenkt over kva det betyr? Det var via navlestrengen me utvikla oss som menneske, der fekk me næring. 

Luk 21,24 seier at byen skal liggja nedtrakka inntil heidningane si tid er forbi. Me er neppe komne dit enno fordi arabarane og islam har kontroll med tempelplassen. Det blir spanande å sjå kva metode Gud brukar for å fjerna Klippemoskéen og Al Aksa moskéen, men bort skal dei. Naturkrefter er slett ikkje usannsyneleg. 

Heile 318 ganger står det i Bibelen at Jesus skal koma igjen for andre gong. Det som er heilt sikkert er at Jesus kjem fysisk tilbake til Jerusalem (Oljeberget) og at det skal fylgja store naturkatastrofer i kjølvatnet av dette. Ikkje noko nytt - frå tidenes morgon har Gud benytta naturkreftene til å få gjennomført sine planar. Gud øydela alt ved bruk av vatn fyrste gongen, neste gong vil han bruka elden i ein eller annan variant. Såleis må menneska bera konsekvensen av sine handlingar. 

”Sjå, eg gjer Jerusalem til ei tumleskål for alle folka rundt ikring. Jamvel Juda må vera med og kringsetja Jerusalem. Den dagen skal det henda at eg gjer Jerusalem til ein lyftestein for alle folkeslag. Kvar den som freistar å lyfta han, skal berre riva seg opp. Men alle folkeslag på jorda skal samla seg mot byen.” Sak 12,2 
Bibelen, særleg Op, talar om to sentrale byar i endetida; Jerusalem og Babylon. 

8) Johannes Openberring 

Dette er ei svært jødisk bok, kanskje den mest jødiske av alle i Bibelen, og i alle fall i NT. Fyrste delen handlar om Israel som folk og andre delen om Israel som land. Ingen GT-sitater, men minst 278 av bokas 414 vers har hentydninger til GT. For å kunne forstå denne boka er det ein føresetnad at me har inngåande kjennskap til GT og jødisk kultur / levesett. Men klassiske protestantiske teologar som Luther, Calvin og Zwingli hadde store problem med denne boka. Luther meinte at den ikkje burde stått i Bibelen. Erstatningsteologien stod sentralt på denne tida – til ei viss grad kan me forstå desse teologane, det er mykje verre at denne vranglæra blir dosert i våre dagar når så mange av dei bibelske profetiane om Israel har blitt oppfylt, nokre rett framfor augo våre. Mindre enn 20 % av løftene gjenstår og dei kjem også til å bli oppfylt til punkt og prikke. Jesus sa at ikkje ein tøddel i lova skal forgå før det har skjedd alt saman – Mat 5,18. 

Eit av bokas hovedtema er liding. Hald ut! Sjå på Jesus! Og sørg for å behalda Livet når alt er over. Er det noko me kan læra av jødane både frå tidlegare tider og i dei siste tider så er det dette – liding. Tenk på Moses i Heb 11, 25-26. 

Veldig mykje av det som gjer slutt på denne tidsalder skal skje i Israel, og hovedbudskapet er: Jesus vinn! Men kostnaden kan bli stor og er faktisk allereide i dag svært høg for fleire hundre millionar kristne verda over og det er på veg til oss også. Hjå dei sju sendemenighetene var liding eit teikn på liv, og det motsette eit teikn på død. 

Og så er det ei kjærleikshistorie om brura som gjer seg klar til å møta sin brudgom - det er ikkje smertefritt, men alternativet er mykje verre. Eit hovedtema her er ei påminning om å vera førebudde til å møta Herren

Eit anna hovedtema er at Gud er på truna. Han har kontrollen og han kjem ikkje til å abdisera. Det er ikkje dei som sit med atomknappane som styrer verda - det er Gud! 

Og han har overgitt dommen over denne verda til ein jøde, Jesus Kristus. Han kom som ein jøde, han levde som ein jøde og han kjem att som Menneskesonen, men også som ein jøde - som ein fysisk person. Op 5,5 og 22,16. ”Løva av Juda ætt og Davids rotrenning.” Då skal alle som trur på han få møta han oppe i lufta. Det er ikkje plass her nede på jorda. Eg ser for meg at dette kjempestore møtet kanskje kjem til å skje i luftrommet over Israel, men det er ein spekulasjon som gjenstår å sjå. 

9) Kor langt er me komne?

Vanskeleg å seia, men to ting står fast - tidspunktet for Jesu gjenkomst er det kun Faderen som kjenner og Han skal koma når svært få venter han. Det skal vera totalt overraskande på dei aller fleste. (“Som i Noahs dager- - - -”). Men han kjem når tida er inne, les Gal 4,4. Me gjer vel i akta på det profetiske ord, 2 Pet 1,19 ”det er som ei lampe som lyser på ein mørk stad). Les og Jes 46,10 og 48,3. 

Me har levd i endetida sidan aposteltida. 1 Pet 4,7 ”Men enden på alle ting er komen nær.” Dog kan det enno gå ei tid før Jesus kjem att. Men du eller eg kan døy når som helst. 

Gud har ein profetisk agenda og den vil bli gjennomført. 

Hag 2,6: ”For så seier Herren, Allhærs Gud: Endå ein gong, om ei lita stund, vil eg skaka himmelen og jorda, havet og det tørre landet.” 

Rom 9,28: ”For sitt ord skal Herren setja i verk og i hast fullføra på jorda.” 

Du og eg kan påverka tida for Jesu gjenkomst ved å engasjera oss for jødane og for misjonen. Det er desse to aspektene som er dei to visarane på Guds klokke for endetida. 

Som Øivind Andersen seier: Israels betydning i nytestamentlig tid vil bli enorm. Då må me, som ved Guds nåde, har sett litt inn i dette, ta konsekvensen og velsigna Israel. 

”For om du teier stillt i denne tida, så vil det nok koma utfriing og berging for jødane frå ein annan stad, men du og farsætta di kjem til å gå til grunne...” Est 4,14 

Lat oss ikkje tia!