Artikel nr 3 fra blad nr 1-2008
Emne: Dikt
Spør etter dei gamle stiar

Hele skriften
er inspirert av Gud!
2 Tim 3,16.

Av Henrik O. Stokkenes

Vik du av frå dei Gamle stiar?
Vik du av frå det Levande ord?
Går dine spor imot grøftekanten
der du vinglar din veg over jord?

Har du lett for å følgje etter
kvart eit nymotens lærdomsvær?
Gløymer du truskapen til dei som gjekk føre,
og til han som heiter EG ER?

Har du slik sans for det populære,
det folkelege toleransesnakk?
Er du den smidige, tilpasningsdyktige,
som vil ha ære og takk?

Vik du unna konfrontasjonar
med vranglære, utruskap og anna svik?
Er det så veldig viktig for deg
å vere dei andre lik?

Flyt du på breie straumen
mot det sekulære folkehav?
Då kan ditt åndsliv ta skade,
 ja, det kan bli di grav.

Spør etter dei Gamle stiar.
Søk Herrens veg i Guds Ord.
Då skal du ikkje gå deg vill
under vandringa di her på jord!