Hele skriften
er inspirert av Gud!
2 Tim 3,16.
Sjå, nokre slitne
arbeidsmenn sat nattevakt for buskapen. Så kvakk dei til av ljoset mildt; ein Herrens engel kom så stilt. Der stod dei, redde, – i ein glans, eit ljos dei ikkje trudde fanst. -Ver ikkje redde, sjå eg har godt nytt frå himlens Gud og Far: I dag er fødd ein Frelsar stor! Og sjå! – Eit veldig englekor! Den mørke natta vart som dag, – Kva var det desse song ilag? For første gong på denne jord Fekk nokon høyra slike ord! Om fred på jord og frelse sann, for alle folk i kvart eit land! |
Det song i hjarta deira då Dei snakkast om å gå og sjå! Til barnet glad dei gjekk avstad og fann det slik som englen sa. Og englesongen bar dei med når dei til arbeids for med fred. Og seinare gjekk englesong frå sjel til sjel, ja gong på gong No er han nådd til deg og meg, – han må ei tagna her hjå deg! Nei, tonen aldri tagna kan: No er han fødd, vår Frelsarmann! Me òg må ut i natta svart, med himmelbodet mildt og klart. Om mørkret råder over alt. – så må me vera ljos og salt. |