content="text/html;charset=ISO-8859-1">
Artikel nr 7 fra blad nr 1 - 2007
Emne: Åndssituasjonen
Fråfall i kyrkja i vår tid
sett i lys av sendebreva i Joh. Openberring (JO)
Av Johannes Dahl

.Sendebreva i JO er skrivne til sju kyrkjelydar i Litleasia. Litleasia som er det nåverande Tyrkia, var det første store landområdet som vart kristna og dette har ein storleik som gjer at det nesten kan kallast eit kontinent. Aust-kyrkja, som hadde sete i Bysants (nå Istanbul) var den dominerande kyrkja dei første hundreåra etter Kristus. Berre i Bysants var det fem hundre kyrkjer og kloster på det meste. I dag er det det berre ca. 30 igjen og fleire av desse er ruinar eller omgjort til moskear. 1) Det er lett å skulda dette på Islams frammarsj, men kva var årsak til at denne antikristelige lære så lett kunne innta dette store landet? 

Sendebreva viser at nye lærdommar og fråfall frå Guds ord hadde gjort sitt inntok i desse kyrkjene slik at dei i lengda måtte gi etter for den islamske læra. Men det tok meir enn tusen år før kristendommen vart nesten heilt borte på dette ”kontinentet” og ennå er det små kristne minoritetar der. 

Dei sju sendebreva som apostelen Johannes fekk, er ”Jesu Kristi openberring” og profetisk tale frå Jesus til ”engelen” (forstandar) for, og sju kyrkjelydar i Litleasia, Efesus, Smyrna, Pergamum, Tyatira, Sardes, Filadelfia og Laodikea. To av desse får positiv omtale av Jesus. Kyrkjelyden i Smyrna får beskjed om ikkje å vera redde. Dei er rike i Gud. I Filadelfia har dei lita kraft, men dei står framfor ”ei opna dør”. I dei andre kyrkjelydane får dei beskjed om å venda om pga lære eller liv, men dei får også trøyst. Forstandaren i Efesus har ”gjeve opp sin fyrste kjærleik”, han i Sardes har ”navn av å leva, men er død”. Kyrkjelyden i Laodikea er lunken og vil bli spydd ut av Herrens munn om dei ikkje vender om. 

Ein vil finna att likskapar med vår tid i alle dei sju sendebreva, men her vil det spesielt bli fokusert på Pergamum og Tyatira. 

Kyrkjelyden i Pergamum 

Engelen for kyrkjelyden i Pergamum får ros fordi ”du held fast på mitt ord”, men i v.2,14: ”Men eg har nokre få ting imot deg. Du har nokre der som held fast ved Bileams lære, han som lærde Balak å leggja snåvestein for Israelsborna – å eta avgudsoffer og driva hor”. Me veit ikkje konkret kva dette gjaldt i Pergamum, berre at avgudsoffer og hor var godkjent hjå nokre i denne kyrkjelyden. 2) 

Me les om Bileam i 4. Mos.22-24 at han spør Gud om lov til å dra til Moab-kongen Balak for å forbanna Israelsfolket, men Gud seier nei. Han ber Gud om å få gå med Balaks sendebod. Gud vert vreid, men han let Bileam få dra likevel. På vegen vert han stoppa av Herrens engel, som får eselet hans til å tala. Men han får lov å dra vidare.. To gonger spør han Gud om å få forbanna Israel. Men i staden for å forbanna Israel, må han tre gonger velsigna dei. Bileam hadde profetisk gåve. Han såg syner frå Herren og Gud talte til han, men han hadde likevel ikkje eit rett forhold til Herren. Det er alvorleg også for dei som forkynner Guds ord i dag. Seinare kom det fram at moabsdøtrene lokka israellittane til å delta i offerfestane sine og driva hor for på den måten å føra Israel til fall (4.Mos.25.1-2). Me må forstå Op.2,14 slik at det var Bileam som sto bak dette. 

Kyrkjelyden i Tyatira 

Engelen for kyrkjelyden i Tyatira får høyra gode ord frå Herren, v. 2,19:” Eg veit om gjerningane dine og kjærleiken din og tenesta di, trua di og tolmodet, og dei siste gjerningane dine som er fleire enn dei fyrste”, men i v. 20: ”Men eg har imot deg at du har toler kvinna Jesabel som seier at ho er profetinne og som lærer og forfører tenarane mine til å driva hor og eta avgudsoffer”. Vi ser her at mykje var bra i denne kyrkjelyden, men samme læra som i Pergamum hadde kome inn i forsamlinga. Me veit ikkje sikkert kven denne kvinna Jesabel var, men at ho antakeleg var ei kvinne i kyrkjelyden som dreiv hor med andre i forsamlinga. 2) Men også denne personen har eit forbilde i Det gamle testamentet frå kona til kong Akab som dreiv med avgudsdyrking (Baal og Astarte) og lokka kongen og israelsfolket til det same, 1.Kong.16,31. Det fylgde også utukt med denne avgudsdyrkinga. 

Analogi til Den norske kyrkje 

Desse to sendebreva har ein klar analogi til vår norske kyrkje i dag der ein del biskopar og prestar prøver å få legalisert sambuarskap og homofilt samliv i strid med Guds ord ( jamfør Rom, 1, 25 – 27 og fleire andre skriftstader). Det har dei langt på veg lukkast med. Nesten ingen ”konservative” biskopar eller prestar vågar å ta opp kampen. Presset frå media og politikarar som støttar dei liberale kreftene synest å vera for stort og deira truskap mot Guds ord er ikkje avgjort nok til å stå imot stormen. Men nokre få vågar å ta til motmæle. 

Bileams ”spørjerunde” er kanskje ein dårleg analogi til vår tid. Men tilsvarande Bileam som ikkje var nøgd med Guds første svar, skjer på dei teologiske fakulteta og i vår kyrkje blant prestar og biskopar. Det svaret som dei gamle lærefedrene fann i Guds ord er ikkje lenger bra nok, dei treng å finna ei ny tolking som samsvarer med vår ”nye tid”. Derfor går dei til andre kjelder enn Guds ord for å finna ei ny tolking av Ordet. Dette gjeld m.a. synet på prestetenesta (hyrde- og læreembete) som i skrifta er forbehalde menn, 2.tim 2, 11-12. Omsynet til likestillinga i samfunnet elles krev at skrifta blir tolka i samsvar med tidsånda. Talet på kvinnelige prestar i vår kyrkje har auka sterkt dei siste åra. 

Fråfall frå Guds ord 

Det er nå blitt slik at det er nesten umuleg å bli prest i Den Norske Kyrkja hvis ein har eit anna syn enn det rådande. Om nokre år kan det det same bli situasjonen for dei som ikkje vil godta homofilt samliv. 

At denne læra kan bli akseptert er resultat av eit gradvis og langvarig fråfall frå Guds ord som har breidd seg frå dei teologiske fakulteta ved universiteta i heile Europa til mange (nesten alle?) kyrkjelydar. Bibelen er ikkje Guds ord, den berre inneheld Ordet. Også dei teologiske fakulteta i Noreg, m.a. Menighetsfakultetet(MF) er prega av denne læra. Frå lærestadane breier dette fråfallet frå Guds Ord seg inn i vår kyrkje, men det stoppar ikkje der. Også i dei lutherske organisasjonane og frikyrkjene har denne ”surdeigen” trengt seg inn, men førebels ikkje like mykje i alle samanhengar. Det skjer ein gradvis påverknad frå MF og andre lærestader til dei lutherske organisasjonane og frikyrkjene fordi dei rekrutterer personar som har studert ved MF. Dette er også med og forsterkar fråfallet i vårt eige folk 

Situasjonen var alvorleg for dei sju kyrkjelydane. Herren seier klart frå: ”Vend om, og gjer dei første gjerningane. Elles kjem eg brått over deg og flytter lysestaken din bort frå staden hans – dersom du ikkje vender om” (Op. 2,5). Dei sju lysestakane er dei sju kyrkjelydane ( 1.19). Alle dei sju kyrkjelydane er borte og i dag er det få kristne att på det som var det første kristne kontinentet (Litleasia). Situasjonen er like alvorleg for landet vårt og heile Europa. Avkristninga går raskare og fråfallet i lære og liv i kyrkja vår avspeglar seg i fråfallet frå Guds ord i folket vårt. Det er ein reell fare for at lysestaken kan bli flytta frå folket og landet vårt. Jesus forkynte at ”Guds rike skal verta teke frå dykk og gjeve til eit folk som ber frukt som høyrer riket til” (Matt.21,43). Dette vart sagt til jødefolket fordi dei forkasta Jesus som Messias. Men det same held også vårt norske folk på å gjera. Spørsmålet er om me lenger kan kalle Den Norske Kyrkja for ei sann Jesu Kristi kyrkje og Noreg for eit kristent land. 

Ennå er det håp 

Er det noko håp i denne situasjonen. Ja, ennå er det nokre i vår kyrkje og vårt land som ikkje har denne læra. ”Og midt mellom lysestakane var det ein som likna ein menneskeson” (Op. 1.13). Jesus går der mellom lysestakane. Han arbeider framleis i denne kyrkja som har så mange kjenneteikn på fråfallet. Ennå er det muleg å forkynna Guds sanne og ufeilbarlege ord i denne kyrkja og ennå er det vekking nokre stader og menneske som blir frelst. Måtte Herren forbarma seg over oss som kristne og over folket vårt slik at det kan bli ny vekking blant oss og at mange må søkja Gud til frelse. 

Men Jesus seier også klart frå: ”Alle dei eg elskar, dei refsar og tuktar eg. Gjer derfor alvor av det og vend om” (3,19). Jesu død og oppstode gjeld for deg som har falt frå i lære eller liv dersom du vender om til Han, ”Han som elskar oss og løyste oss fra syndene våre med sitt blod” (1,5). 

Referansar: 
1) William Dalrymple: I skyggen av Bysants 
2) Lars Eritsland: Johannes Åpenbaring