Artikel nr 11 fra blad nr 1-2006
Emne: CD melding
“Kom heim” - Ny CD av Torvald Kjetilstad


Av Ole Andreas Meling

Den siste veka har Torvald Kjetilstads fyldige barytonstemme fylt stova vår med ein god og oppbyggjeleg atmosfære. Etter kvart som eg lærer songane og klarar å skilja dei meir frå kvarandre, har eg også høyrt på CD`en med stadig større gleda. Fleire av strofene i songane bærer eg med meg i sinnet ut av stova også. Nokon av dei som har sett seg fastast er ”Mine synder er sona, mi gjeld er betalt”, ”Ja tenk, englande dei er hjå vår Gud i himlen der”, ”Kven kan seia ut den gleda” eller ”Jesus er den skatten du i himlen skulle ha.” 

Denne nye CD”en til Torvald Kjetilstad er i om lag same stil som den førre, og slik som me har gleda oss over songen hans når han syng på møter. Det glade trekkspelet hans er det mest dominerande instrument som fylgjer songen. Men det får hard konkurranse av andre instrument på innspelinga. Ikkje få musikarar har vært med å skapa ein god variasjon i musikken. Det er kontrabass, forskjellige gitarar, trompet, hardingfele, piano og blikkfløyte. (Det siste er ikkje ein skrivefeil. Eg veit ikkje korleis det instrumentet ser ut, men det var veldi g fint å høyra pâ). På nokre av songane er Oddgeir Kjetilstad med og syng duett. Det kunne han gjerne gjort meir av, stemmane passa godt i hop. 

Torvald Kjetilstad skriv mange songar sjølv, både tekst og melodi. På denne CD'en har han signert tre av tekstane og ti av melodiane. Nokre av melodistrofene kan gjenta seg, men eg synst han klarer å variera melodiane godt innanfor hans songstil. Dei er lett songbare og vil kunne bli til gleda for musikklag og andre som syng solo, duett eller liknande. 

Tekstane på CD”en er kva eg vil kalla ”evangeliske”. Dei har mykje av vitnemålet i seg. Frelsa i Jesus er hovudsaken. Andre emne som englar og Gud som kallar syndarar er også med. Det er alle songar som er fulle av bibelsk sjelesorg. Nokre få av songane er kjende. ”Den store lege nå er nær” og ”Kven kan seia ut den gleda”. 

Eg vil gje ein stor takk til Torvald Kjetilstad for at han ville gjera den jobben det er å synga inn ein CD, og slik gje oss del i desse flotte songane. I