Artikel nr 2 fra blad nr 4-2004
Emne: Andakt
Den som sigrar


Av Otto Jakobsen

Johannes åpenbaring 3,4-5

Siger høyrer livet til. Dersom vårt fysiske liv – vår kropp – skal fungere, må han sigra over dei nedbrytande og destruktive kreftene i oss og om kring oss. Den dagen hjarta i oss ikkje sigrar over motstanden det har og ikkje lenger klarar pumpe blodet kring i årene, taper det mot dei nedbrytande kreftene og døden vinn.

Slik er det i åndslivet og. Der noko sigrar, lyt noko tape. Ånd og kjøt strir mot kvarandre så lenge Gudslivet er der. Vinn ånda, taper kjøtet. Og dersom kjøtet vinn, taper ånda. To-kampen er kjend i Bibelen. Adam kjempa på vegne av slekta og tapte. Det fekk fylgjer for heile menneskeætta. Den tapte evna og viljen til å sigra og døden overtok herreveldet. Kristus kom inn i slekta med evne og vilje til å strida mot satan. Han stridde vår strid på Golgata og sigra.

Den sigeren fekk og store fylgjer for menneskeætta. No treng ingen lenger ligge under for satan og dødens herrevelde.

No står det ein ny kamp i vårt liv. Skal Gudslivet sigra, må sjølvlivet som eg er fødd med, døy.

Begge kan ikkje sigra samstundes. Det står om Jesu liv eller mitt liv. Denne tautrekkinga om mi sjel held på så lenge eg lever. Skal Jesus få sigra i ditt liv og for deg? Det vil avgjera vår evige lagnad. Siger i dette er ikkje at eg sjølv får kraft til å stride mot eigen vondskap. Det vil føre til at eg taper og dødskreftene tek over. Det vert eit spursmål om eg trur på Jesus også her.

Bibelen syner at det går an å verta lurt. Laodikeakyrkjelyden trudde at dei sigra, men den sigeren vart eit tap. Farisearen i templet trudde at han sigra og takka Gud for det, men sigeren vart tap. Tollaren trudde at han hadde tapt, men han sigra. Denne sigeren er nåde. Det er nåde at Han vil sigra over meg og for meg. Skal Jesus sigra i livet, må Guds Ord sigra. Når vinnaren i store idrettstevlingar går over mål, syng ofte tilskodarane: Sigeren er vår! I den store flokken for Lammet si trune skal dei frelste syngja songen åt Lammet: "Vi har vunne! Sigeren er vår!"

Jesu siger er vår siger. Slepp du Han til med det?