Artikel nr 06 fra blad nr 3-2002
Emne: Dikt
Opplat mitt auga


Velkommen
Les artikler
Taler - nye  
Taler - arkiv  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss
Av Olav Fjermedal

1. Opplat mitt auga, min Jesus eg ber. 
Lat meg få sjå eg er rik. 
Lat meg få sjå at du er meg så nær. 
Ein gong eg skal bli deg lik. 
Opplat mitt hjarta, kom inn til meg du. 
Reins du mitt hjarta frå synda si gru. 
Lat meg få sjå på ditt fullenda verk. 
Gjer du i trua meg sterk. 

2. Styr mine tankar, og styr mine ord. 
Styr du min fot ifrå fall. 
Hjelp meg å leva kvar dag i ditt Ord. 
Takk for ditt nådige kall. 
Lat meg få sjå deg, min brudgom og ven. 
Syn meg at rein i ditt blod er eg enn. 
Du som har sona mi synd og mi skam, 
du er mitt sonofferlam. 

3. Lat meg bli med, når du hentar di brud 
heim til den evige vår. 
Der skal eg stå i den himmelske skrud. 
Der skal eg sjå dine sår. 
Der skal eg lova ditt heilage namn. 
Då er eg berga, i himmelens hamn. 
Der ingen tåre skal væte mitt kinn. 
Jesus for evig er min.