Alle menneske er på vandring – vandring gjennom livet. Kvar vil livsferda enda for dei mange? Bibelen seier oss at det er ein smal veg til livet – til himmelen og få er dei som går der. Brei er den veg som fører til fortaping og mange er dei som går der. Men "Jeg har valgt å gjøre selskap med Guds enkle vandringsmenn…"
Ein av desse medvandrarane er Olav Toft – nordhordlendingen som har gjort siddis av seg - bur i Stavanger - og trivst med det. Han og kona, Ragna, er pensjonistar no, men kan sjå attende på eit rikt og mangslunge liv i teneste for Guds rikssak. Og Olav medgir at dei, trass alt, har hatt eit godt og rikt liv. Guds nåde har vore og er stor.
Olav er fødd og vaks opp på Toft i Lindås kommune i Nordhordland, i ein truande heim, der næringsvegen var vanleg jordbruk, fruktdyrking og fiske. Som nummer to i ein syskenflokk på tre brør, måtte han sjølvsagt delta i gardsarbeidet.
Det var lang veg til bedehuset, så det var det vanleg med husmøter. Olav kan, frå han var liten gut - minnast frå husmøta i stovene til bestefar at folk i gråt bad til Gud og hadde "oppgjer" med si synd; men fekk sjå seg løyst ved evangeliet. Det var vekkingstid. Desse opplevingane frå barneår feste seg og sette preg på liv og gjerning. "Når synderen rett ser sin våde, i sjelen dypt besværet går, Og Jesus kommer med sin nåde, og legger den på hjertets sår,..." Ja, då vart det takk til Gud.
Barneåra med gode oppvekstvilkår og god kristen oppseding, kan slik vera heilt avgjerande for både livssyn og gjerning gjennom livet. Difor er heimen så veldig viktig for land og folk. – "Men kva får borna med seg heimanfrå i dag?" spør Olav. Og dette brenn han for. Det har kome fram både i samtale og frå talarstol.
Men vandringsmannen har kome langt på livsvegen. Nyleg sa han frå seg vervet som styremedlem og medredaktør i tidsskriftet "Bibelsk Tro". "Det vil være godt om yngre krefter kan ta over", meiner han. Kanskje det. Han vert i alle fall sakna i dei oppgåvene han har hatt.
Om Olav dreg på åra, er det ingen tungsindig eller slagen mann vi har med å gjera. Nei, han er lett og lys til sinns, gler seg over å få væra frisk og ha ei god helse og ei god kone. Og begge deler er svært viktige, slår han fast. Men best av alt er å eiga syndsforlating, ha barnekår og fred med Gud i Jesus Kristus.
Ut på skule
Etter eit og eit halvt år på realskule på Lindås, gjekk ferda til Voss Off. Landsgymnas. Byrja i 2.latin, men vart av rektor ganske snart flytta opp i 3. Gresk, (så det er eit godt hove på guten). Dette var under krigen, og Olav vart snart med i illegalt arbeid for heimefronten. Det var også meininga at han skulle over til England, men då det ikkje lukkast med båt over då det var laglegast, vart det ikkje noko av. Men han måtte halda seg skjult for tyskarane i heimtraktene.
Misjonærkallet
Ei tid etter at han kom til klårleik i sitt gudsforhold, kjende han dragning til teneste i Guds rike.
Tormod Vågen meinte at MF var den rette staden for han, men etter samtale med generalsekretær Einar Amdahl i MNS, vart han oppteken som student ved Misjonshøgskulen i Stavanger, hausten 1946. - Kamerun vart misjonsmarka for Olav. Etter ordinasjonen i Tønsberg i 1950, bar det til Paris for å læra språk. Den 7. Mars 1951 gifte Olav og Ragna seg i Paris. Det var dagen før utreise til misjonsmarka, slik skikken var for misjonærane på den tida. Dei fekk plassering i Durudalen. Det var ein spesiell dal og stad, for klimaet var dårleg, folk var fattige og det rådde mykje sjukdom der. Som dei einaste misjonærane som heldt ut i ein heil periode der i dalen, reiste dei heim i 1955, men Ragna då med knekt helse, noko ho sidan ikkje kom heilt over.
Det vart utreise igjen i 1956, men måtte returnera året etter på grunn av helseproblem. Men, fortel Olav, det såg ut som Gud hadde lagd ferdig ei gjerning for oss heime. Det kom nemleg kall frå Misjonshøgskulen om å gå inn i lærargjerning der. Og slik vart det. Vi flytta til Stavanger, og eg vart lærar der i ca 20 år. Ei rik tid, men med turbulente periodar mot slutten. Tilsaman vart det 30 år teneste i Misjonsselskapet.
Bibeltruskap
Olav Toft har alltid hatt det bibelsyn at det vi har fått oss overlevert i Bibelen, er Guds uforanderlege ord. Han tar avstand frå nyare bibelkritiske tolkings- og forskningsmetodar som tek bort frå Ordet den autoritet som Ordet sjølv innehar. Det har kome inn i kristne samanhengar lærdomsformer som ligg utafor bibelske sanningar vi finn i Bibelen. "Det er med stor sorg ein ser korleis bibelske sanningar smuldrar bort – først på læreinstitusjonane, og seinare ut i kristenfolket og folket generelt. Det er himmelvid skilnad på kva lærepåverknad eg fekk for ca. 50 år sidan og kva teologiske studentar i vår tid vert utsette for." Det er godt å merka seg den tryggleiken det er i Olav si meining om kor naudsynt det er å følgja Guds ord, Bibelen.
Byte på tenesta
Neste stopp for Olav og Ragna vart Høgsfjord. Her var Olav sokneprest i to år. Men då kallet frå Muhammedanermisjonen kom om å gå inn i tenesta som generalsekretær i 1978, svara han ja til det. Vi opplevde vekst og framgang i arbeidet. Misjonen ekspanderte med ei misjonsmark: Senegal. Og innvandrararbeidet med ein misjonær i Stavanger. Det var også svært gildt å reisa mellom misjonsfolket, møta nye vener og kjenna samfunnet med medvandrar.
Den siste offisielle bolken i yrkesaktiv alder hadde Olav som fengselsprest ved Åna kretsfengsel. Her hadde han god kontakt med fangane – gjekk rundt å snakka med dei, og møtte dei i deira eigen situasjon. Det er mange gode minner frå den tida.
Arbeidet i Guds rike
Etter å fått ein glytt inn i ei livsgjerning i Guds rike, kjem Olav inn på noko av det som opptek han ein del. "Det er sørgjeleg å sjå kor få som er truande og er på himmelveg. Det er ein skare som går mot fortaping. Mange veit det, men likevel. Dei har valgt, og valet fører galt av stad. Men vi må ikkje gi opp å bringe evangeliet til fortapte menneske. Tenk om mange kunne få kjenna evangeliet sin kraft i sitt liv!" "Kva trur du som hindrar mange i å gi seg over til Gud?" "Menneskefrykt er eit stort hinder, men folk må få sjå at dei er syndarar – fortapte som treng om Jesus. Dei må få sjå seg i "spegelen" at dei er skitne og treng å bli reine. Og her skil forkynninga frå før til nå. Den peikar på dette forholdet, men det er få som får sjå eigen tilstand så dei får bruk for Jesus." I denne samanhengen kjem Olav inn på tilhøvet til Bibelen. "Forholdet til Bibelen avspeglar forkynninga. Mange ser ikkje på bibelen som absolutt autoritet". Olav peikar også på eit anna forhold: "Ser vi på Hans Nilsen Hauge, så fekk han eit frelsande møte med Jesus. Gjennom det kom naud for andre og kallet. Det var dette som dreiv han til den gjerning vi ennå i dag kan sjå frukter av."
Det er forvitneleg å spørja litt om kyrkjesynet til ein prest som er frå same fjorden som Ludvig Hope. "Eg er oppvaksen med lekmannsarbeid, seier Olav, og har sett og opplevd den store signing det har bore med seg. Det er dette arbeidet som er det åndeleg bærande i kyrkja. Lekmannsarbeidet er født i vekking og veks i vekking. Der nådegåvene får utfalde seg, er det sanne Guds rike, og det finn vi framleis på einskilde bedehus og elles. Nattverden er ikkje bunden til ei kyrkje eller liknande. Frå Jesus si side er han fri og den kan delast ut av ein truande ut frå åndeleg funksjon og nådegåve - på bedehuset eller i ein heim." Olav ser heller ikkje nokon grunn for at det ikkje kan haldast dåp på bedehuset eller i ein heim. Men det må skje i bibelske former. Det er heller ikkje naudsynt for prest eller forstandar til å døypa. Det kan like godt ein lekmann gjera, også det ut frå åndeleg funksjon og nådegåve."
Olav ser mørkt på situasjonen i kyrkja inkludert organisasjonane. "Det er eit skip som har tatt inn for mykje last. Kyrkja har tatt inn for mykje av verda. Ho er i strid med seg sjølv, og det ser ut til at ho går mot kaos. Men det vert slik når ein forlet Bibelen som autoritet. Då vert det gjeve rom for andre normer og oppfatningar, og læra vert vatna ut. Paulus sette si ære i å forkynna heile Guds råd til frelse. No set dei fleste si ære i å forkynna det folk vil høyra.
Biskopane sviktar kyrkja, kallet og hjorden. Dei opptrer ikkje som åndelege hyrdar som viser vegen ut frå Guds ord. Det ser ut til at fleire av dei ikkje held Guds ord som sanning lenger. Dette ser vi tydeleg i homofilidebatten."
Bibelsk Tro
Olav gir uttrykk for at han hadde ei god tid som medredaktør i Bibelsk Tro. Han har fått formidla ein bodskap i bladet som mange er glade for. Og det er verkeleg grunn til å vera glad for at det enno er personar med slikt bibelsyn som Olav har. Han har fortsatt ein del jern i elden, men han ser også fram til "sabbatshelga" som ventar Guds folk.
Olav er aktivt med i verksemda på Tasta bedehus, og tykkjer det er gildt å vera saman med bedehusfolket, kjenna Andens samfunn og ha sin åndelege heim der. "Vi må fortsatt stå tenesta i Guds rike og vera med å berga sjeler for himmelen," seier Olav til slutt. "Det er det viktigaste som er, og det er det vi er sette til som Jesu etterfylgjarar. "Gi meg ditt ømme frelsersinn for slektens sorg og harm, lukk meg i dine smerter inn og gjør meg sterk og varm."