Det er skrive til formaning for oss, som dei siste tider er kome til. 1 Kor 10-11
"Skal tru om me ikkje snart er i dei siste tider?" Det er eit spursmål me høyrer rett som det er. Og det er det greit å svara på. Etter Bibelen er heile tidsbolken frå Jesu første kome til Hans atterkome i herlegdom, endetid og dei siste tider. Her finn me dei siste dagane i Guds kalender så som frelsens dag, Jesu Kristi dag, Herrens dag, Hemnens dag og den ytterste dag. Det er alt saman endetid, dei siste tider og dei siste dagar. Så må du ikkje verta forskrekka om du i vår tid møter noko slikt som høyrer endetida til. Det er nok "i rute."
I Mt 25 står m.a. om dei uvituge og dei kloke bruremøyane. Den likninga tykkjer eg har mykje å seia oss om tilhøva i endetida. Nå er det slik med desse teikna at dei vil forsterkast etter som me kjem langt ut i endetida. Det første me skal merkja oss er at dei sovna alle. Me må difor rekna med at endetida er ei serleg svevanes tid, og at dette vil forsterkast til lenger ut me kjem. Er det noko som tyder på at me er inne i ei slik tid i dag? Orheim seier det slik: Når vekkjinga, stilna og folket det for. Og få her er att som vil høyra Guds Ord. Når syskin kan sovna, og verda ho ler, kor kan eg åleine stå vakande her?
Vidare møter me her ei samanblanding av uvituge og kloke bruremøyar. Ser me nokon samanblanding i dag? Før var det slik her hjå oss når nokon vart ein kristen, då vart det samstundes eit radikalt brot med denne verda. Det vart ein tom plass på dansegolvet, i kinosalen, på fotballbanen o.s.v. Det er ikkje lenger slik. I vår tid er det samanblanding av godt og vondt, av lys og mørke, av Guds rike og verda. "Lampen ble så dunkel, og i søvn de falt, blott fordi de ikke ville ofre alt." Me må og tenkja på all læremessig samanblanding, og på Kirkenes verdensråd med sitt religionsblanderi.
Dei uvituge tok ikkje olje med seg. Dei står som bilete på folk som har begynt feil på himmelvegen, og dei kan det vera mange av. Har du teke olje med deg, får Kristus bu ved trua i ditt hjarta? "Mi hjartedør eg opnar deg, å Jesus stig du inn til meg." (Sangboken nr 610).